VÅRE VILKÅR

Bestilling
Du leiger hylleplass hos Meirbruk på heimesida. Hylleplass kan leiges i heile veker. Om det er ledige hyller er det mogleg å forlenge leigeperioden etter avtale. 
 
Angrerett og reklamasjon
Ønsker du å nytte deg av angrerett gjeld denne 14 dagar etter at du har leigd ein hylleplass. Om du har leigd ein hylleplass der leigeperiodens start er mindre enn 14 dagar etter leiga vart bekrefta, fråskriv du deg angreretten.

Alle varer blir seld «som dei er» og det er derfor ikkje mogleg å returnere eller reklamere på varer.
 
Prisar

18 % omsetningsleige trekkast av det samla salet før det blir utbetalt til seljer.

Betaling
Leiger du en hylleplass hos Meirbruk kan du betale med Visa og Mastercard. Dette gjeld også for kjøp av varer i lokalet.
 
Bytte og retur av varer
Meirbruk er ein formidlar av sal mellom private personar. Det er derfor ikkje mogleg å bytte eller returnere varer som er kjøpt i butikken. Om du ønskjer å drive forretningsverksemd frå ei hylle må dette avklarast med Meirbruk før leigeperiodens start.


Kontoradresse
Meirbruk AS

Høviskelandsvegen 28

5685 Uggdal

I LEIGEPERIODEN

Oppstart
Når du har betalt og leigd ein hylleplass kan du tidlegast setje opp innhaldet i di hylle ein time før stengetid dagen før leigeperioden startar. Har du ikkje fylt opp di hylle innan utgangen av første dag i leigeperioden, har Meirbruk rett til å leige ut hylleplassen til andre utan refusjon. Ingenting skal festast på hylla, men du er velkommen til å «pynte» den og henge opp informasjon om innhaldet (storleik, merke osb.). Du kan berre plassere ting på di eiga hylle. Meirbruk har rett til å fjerne varer utan varsel om dei er feilplassert. Meirbruk kan velgje å flytte varer til eigne «temautstillingar» for å oppnå betre sal. Det er nokre kleshengarar til utlån i butikken, men vi anbefaler at du sjølv tar med mest mogleg av det du treng til di hylle.


Påfyll av klede
Du kan følgje med på “Min butikk” og sjå kor mykje som blir seld. Dersom du ønskjer å fylle på med fleire klede eller ting, registrerer du varene i “min butikk”, skriv ut nye merkelappar og fyller på hylla di i butikken. 
 
Sikkerheit
Meirbruk er ein sjølvbeteningsbutikk. Lokala er videoovervaka og døra utstyrt med kodelås. For å få tilgang til lokala må ein identifisere seg med mobilnummer. Dette skjer ved at ein sender kodeord «OPNE» til 27333, og deretter mottek dørkoda på SMS. Meirbruk står ikkje ansvarleg for tjuveri, øydelagde eller mista varer. Meirbruk står heller ikkje ansvarleg eller er erstatningspliktig for brann- eller vasskadar.
 
Eigedomsrett
Leiger er sjølv ansvarleg for eigendelane og har rett til å selje private varer frå standen. Meirbruk har rett til, utan varsel, å fjerne varer som lukter, er skitne eller uhygieniske. Det er ikkje tillate å selje kopivarer, som til døme vesker og klokker, i butikken. Når du sel dine private ting, betalar du ikkje moms og skatt.


Prismerking

Når du leiger ein hylleplass hos Meirbruk registrerer du alle varer online. Det viktig med en detaljert beskriving av varen for å unngå svindel og byting av merkelappar. Beskrivinga bør innehalde merke, storleik, farge, pris og gjerne kjenneteikn. Eksempel: «Grøn Reflex kjeledress m/traktor, str. 86, 100,- kr». Varebeskrivinga er også hjelp til deg sjølv når du skal ha oversikt over selde varer online. Alle varer må være merka med prismerke og strekkode som du skriv ut i butikken ved oppstart av leigeperioden.   
 
Varer utan prismerke
Varer som har mista prismerke, eller varer som dukkar opp i butikken etter at leigeperioden er slutt, blir teke vare på. Det er derfor viktig å være oppmerksam på dette om du ser at nokre av varene dine er borte, også etter at leigeperioden er slutt. Varene oppbevarast i 14 dagar og vil deretter tilhøyre Meirbruk som fritt kan donere eller selje varen.

NÅR LEIGEPERIODEN ER OVER

Pakking
Innholdet i hyllen skal pakkast ned seinast to timar før stengetid på siste dag i leigeperioden. Har du ikkje moglegheit til å pakke ned hyllen din sjølv kan vi pakke ned for deg for kr. 200,-. Har du ikkje pakka ned hylla i tide, blir det belasta eit gebyr på kr. 350,- . Vi oppbevarer deretter varene i ei veke. Etter den tid har Meirbruk rett på varene. Eventuelle gebyr vil bli regna mot ditt samla sal. 
 
Utbetaling
To gangar i månaden overfører vi dine opptente midlar til din bankkonto. Sal frå 01.-15. vert utbetalt den 30. same månad. Sal frå 16. – 31. blir utbetalt den 15. den etterfølgande månaden. Ligger utbetalingsdatoen ikkje på en bankdag, blir pengane utbetalt førstkommande bankdag.

VI HAR KLEDE SOM HAR MEIR BRUK IGJEN!

Hos oss får du ting du treng til eIn lavere pris, samtidig sparar du miljøet.

BOOK HYLLE HER →
Share by: