OM OSS

Meirbruk skal gjere det enklare for dei som bur på Tysnes å få tak i brukte klede, sko og utstyr og samstundes bidra til at vi tar betre vare på klima og miljø.


Å kjøpe brukt sparer energi og ressursar og minskar forureining. Derfor er det beste vi kan gjere for miljøet å bruke opp det som allereie er laga. Å bruke tinga meir før vi kastar dei.


Noreg er eitt av landa i verden med høgast forbruk pr. innbyggjer. Hovudårsaken til vårt høge forbruk er at vi bytter ut produkt lenge før det er naudsynt. Noreg heng etter i omstillinga der ressursar og produkt reparerast, gjenbrukast og resirkulerast.       


Hos Meirbruk kan du ta del i sirkulærøkonomien. Du handlar lokalt på Tysnes, hjelper til med å redusere mengda avfall og bidreg til å forbruke mindre av jordas ressursar.

Du hjelper også til i arbeidet med å nå FNs berekraftsmål nr. 12. 

Berekraftig forbruk og produksjon handlar om å gjere meir med mindre ressursar. I dag forbruker vi mykje meir enn det som er berekraftig for kloden. Målet er at vi innan 2030 skal redusere mengda avfall betydeleg ved blant anna ombruk; å bruke tinga meir før dei vert kasta.


Meirbruk ønskjer å vere ei tydeleg aktør innan det grøne skifte og vil leggje til rette for at også innbyggjarane på Tysnes kan del i det arbeidet vi saman må gjere for klima og miljø.

Share by: